Forskrift
Nynorsk
§ 7-1. Reservert studieplass
Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 7. Felles føresegner om administrative forhold
Reservert studieplass
(1) Tildelt studieplass kan reserverast til neste gong det er opptak til studiet dersom det ligg føre dokumenterte, tungtvegande grunnar. Slike grunnar kan vere førstegongsteneste, fødsel, adopsjon eller langvarig sjukdom / opphald på sjukehus.
(2) Det vert normalt ikkje innvilga reservert plass for meir enn eitt år der studiet har oppstart årleg. Det vert gjort unntak for søkjar som vert innkalla til militærteneste. I slike tilfelle kan søkjaren få innvilga inntil to år i særskilde tilfelle.
(3) Søknad om reservering av studieplass må leggast fram innan tre veker etter at ein har motteke tilbod om studieplass.
(4) Reservasjon av studieplass er ikkje mogleg når ein har fått opptak via ledige studieplassar.
(5) Rektor kan i særlege tilfelle tilby reservasjon av studieplassar til søkjarar når dette er grunngitt i kapasitet, organisering eller særskilte tilhøve som ikkje er knytt til enkeltpersonar.
En tildelt studieplass kan reserveres til neste opptak ved dokumenterte, tungtveiende grunner. Det er normalt ikke mulig å reservere plass dersom opptaket skjedde via ledige studieplasser.AI