Forskrift
Nynorsk
§ 1-2. Definisjonar
Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar·Sist endret 20. november 2025
Definisjonar
(1) Opptak inneber at ein person har søkt, fått vurdert kompetansen sin og fått studierett til eit studieprogram eller emne tilknytt Høgskulen på Vestlandet.
(2) Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.
(3) Opptakskrav er dei krava som vert stilt til søkjaren for å bli vurdert som kvalifisert for opptak. Opptakskrav skal gå fram av studieplan eller emneplan for alle studium og emne som har eige opptak.
(4) Grunnutdanning og integrert mastergradutdanning er studieprogram der opptak som hovudregel krev fullført utdanning frå vidaregåande opplæring eller godkjent realkompetanse.
(5) Mastergradsutdanning er studieprogram som byggjer på utdanning på bachelorgradsnivå og som fører fram til ein mastergrad.
(6) Vidareutdanning er studiepoenggivande ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Det kan vere spesielt tilrettelagte enkeltemne eller studieprogram på lågare eller høgare grads nivå.
(7) Etterutdanning eller kurs er ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå, som ikkje gir studiepoeng.
(8) Praktisk-pedagogisk utdanning er pedagogisk kompetanse som saman med relevant kompetanse i undervisningsfag eller yrkesfagleg utdanning kvalifiserer til undervisning.
(9) Enkeltemne er emne som er opne for søkjarar som ikkje har studierett på studieprogrammet som emnet høyrer til, eller emne som vert tilbydde som frittståande studium.
(10) Overflyttingsopptak er opptak der søkjaren har teke delar av utdanninga ved andre utdanningsinstitusjonar, andre campus eller andre studieprogram ved Høgskulen på Vestlandet, og startar på 2. året eller seinare i eit utdanningsløp.
(11) Oppdragsfinansierte studium og emne vert gjennomført mot vederlag betalt av ein eller fleire oppdragsgjevarar, og er ikkje retta mot enkeltstudentar, men mot oppdragsgjevaren si målgruppe.
(12) Betalingsstudium er når høgskulen krev eigenbetaling frå studentar, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-6.
(13) Studiepoeng den enkelte har oppnådd ved gjennomført fagskuleutdanning, er ikkje likestilt med studiepoeng frå høgare utdanning ved opptak etter denne forskrifta.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.
Sammenheng
Koblinger for § 1-2 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.