Hopp til innhold
Forskrift

§ 5-2. Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak

Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak

(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for opptak til eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av konkurransepoeng. (2) Dersom ein søkjar har fleire opptaksgrunnlag, blir det grunnlaget som gir gunstigast resultat for søkjaren lagt til grunn. (3) Ved lik poengsum skal plassen fordelast etter loddtrekning. (4) Dersom det har vist seg umogeleg å fylle studieplassane på eit studium, kan ein tilby dei ledige studieplassane til kvalifiserte søkjarar fortløpande, utan omsyn til rangeringsreglane elles. Søknader som er mottekne etter fristen, skal rangerast etter søknadsdato.

Søkere til lokale studier rangeres etter konkurransepoeng basert på dokumentasjonen deres. Den beste poengsummen brukes hvis man har flere grunnlag. Ved lik poengsum avgjøres plassen ved loddtrekning.AI

Les hele forskriften i sammenheng →