Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

Vilkår for bruk av produktnemninga

Produktskildring Sider frå Hardanger er sider laga i Hardanger av eple dyrka i Hardanger. Sider frå Hardanger skal vere framstilt av eplejuice (råsaft), som kan vere tilsett sukker i ulik mengd, og anten har gjæra på villgjær frå epleskalet eller er tilsett kvitvinsgjær. Eplesmaken og aromaen vil variere frå produsent til produsent avhengig av kva eplesortar som blir brukte og blandingsforholda mellom dei. Sideren skal vere tilnærma klar og ha ein farge som varierer frå heilt lysgul til gyllengul. Sider frå Hardanger skal delast inn i tre klasser etter alkoholinnhald, og kvar av desse klassene kan delast inn i tre klasser etter sukkerinnhald, jf. kriteria i tabell 1. Alkoholklasse Alkoholprosent Sukkerklasse Sukkerinnhald Låg alkoholprosent 3-4,75 % Tørr ≤ 20 g/liter Medium 20-40 g/liter Søt 40-80 g/liter Middels alkoholprosent 4,76-8,99 % Tørr ≤ 20 g/liter Medium 20-40 g/liter Søt 40-80 g/liter Høg alkoholprosent 9-12 % Tørr ≤ 20 g/liter Medium 20-40 g/liter Søt 40-80 g/liter Geografisk område Produksjon av eple, pressing, gjæring og lagring av Sider frå Hardanger skal skje i Hardanger, som omfattar kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ulvik og Ullensvang. Produksjonsmetode Som råvare skal det brukast eple dyrka i Hardanger. Epla skal vere av god kvalitet og utan rote. Dersom det blir brukt nedfallsfrukt, skal den vaskast godt, slik at jord og anna ureinske ikkje kjem med i den vidare produksjonen. Epla som skal pressast, skal vere godt modne og ved stive-test vise at maks. 10 % av snittflata er mørkfarga og refraktometerverdien (Brix) er over 10. Epla skal raspast til mask og pressast til eplejuice (råsaft). Eplejuicen skal silast gjennom ein grov sil (maks. 1 mm opning), eller grovare fruktpartiklar skal fjernast. Eplejuicen skal deretter tappast på gjæringskar. Eplekonsentrat skal ikkje nyttast til produksjon av Sider frå Hardanger. Eplejuicen kan tilsetjast ønskt mengd sukker, avhengig av naturleg sukkerinnhald i epla og kva type sider ein skal produsere, jf. tabell 1. Sider frå Hardanger kan anten gjærast på villgjær frå epla, eller ein kan fjerne den og tilsetje ekstern gjær. Gjæringstemperatur bør vere mellom 6 og 12 °C. Når ønskt alkoholstyrke er nådd, kan gjæringsprosessen stoppast med svovling eller filtrering (maks. 10 μm). Sideren skal ikkje ha restsmak av gjær eller eddiksyre (maks. 2 g/l). Sideren skal deretter klarast ved å bli tappa om ein eller fleire gonger eller ved filtrering. Sider frå Hardanger kan vera meir eller mindre sprudlande/perlande. Den sprudlande/perlande verknaden kan koma av ettergjæring på flaska eller tilsett CO2 . Dersom det er tilsett CO2 , skal dette merkast på etiketten. Ferdig sider skal lagrast lufttett. CO2 kan brukast for å hindre oksydering. Sider frå Hardanger bør ikkje lagrast lenger enn eitt år etter tapping. Sider som skal lagrast lenger, må merkjast med «Lagra sider». Sider frå Hardanger skal merkjast tydeleg på etiketten med kva eplesortar som er brukte, søtleiksgrad og alkoholstyrke. Dersom det er nytta eikefat i produksjonen, skal dette òg gå fram av merkinga. Merking av produktet Sider frå Hardanger kan merkjast med figurmerket for verna geografisk nemning.

Les hele forskriften i sammenheng →