Hopp til innhold
Forskrift

§ 2. Krav til produktet

Krav til produktet

Sikring etter § 1 må oppfylle følgjande krav: a) Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto. b) Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekneskapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet. c) Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet. d) Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.

Denne regelen setter krav til hva en sikringsordning i et borettslag skal dekke og hvor stor den må være. Den setter også grenser for hvor høy egenandelen kan være og regler for oppsigelse av visse avtaler.AI

Se ogsåForskrift om sikringsordningar i burettslag § 1

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 2 i forskrift-om-sikringsordningar-i-burettslag.

Les hele forskriften i sammenheng →