Forskrift
Nynorsk
§ 10-12. Talet på forsøk i praksis
Talet på forsøk i praksis
(1) Studenten har rett på to forsøk på same praksisperiode i eit emne.
(2) Det er ikkje brukt eitt forsøk på praksis når studenten har gyldig fråvær eller har trekt seg frå praksisen to veker før første praksisdag, jf. § 11-7 (1) bokstav d.
(3) Studenten kan søke om å få dispensasjon til ein tredje praksisperiode, dersom det ligg føre særlege grunnar. Særlege grunnar er særs viktige sosiale eller medisinske grunnar til at eitt eller begge dei tidlegare forsøka ikkje er bestått. Grunnane må vere dokumentert med attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal òg telje med i vurderinga av søknaden. Studenten må grunngje kvifor forsøka i praksis ikkje er bestått tidlegare.
Studenter har rett til to forsøk på samme praksisperiode i et emne. Man kan søke om et tredje forsøk dersom det foreligger dokumenterte sosiale eller medisinske årsaker. Studieprogresjon og tidligere prestasjoner vurderes også ved en slik søknad.AI
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 11-7referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 10-12 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.