Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10-7. Ved tvil om studenten består praksis

Ved tvil om studenten består praksis

(1) Når det oppstår tvil om studenten vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før studenten er halvvegs i praksisperioden, skal studenten få skriftleg varsel og tilbod om oppfølgjande samtale med praksisstaden og høgskulen. Varsel og samtale om varselet skal gjennomførast på eit tidspunkt som gjev studenten høve til å utvikle tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal varsel og samtale bli gitt halvvegs i perioden. (2) Varselet skal presisere kva delar av læringsutbytte studenten står i fare for å ikkje oppnå ut frå studenten si utvikling i praksisperioden. I varselet skal det gå fram korleis studenten kan syne oppnådd læringsutbytte for å bestå praksis. Varselet skal òg vise til retten studenten har på tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen, der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og informasjon om konsekvensar av ikkje bestått praksis. Det skal førast referat frå samtalen og studenten har rett til å levere merknad til referatet.

Hvis det er tvil om en student vil bestå praksis, skal studenten få et skriftlig varsel og tilbud om samtale. Varselet skal forklare hva som mangler og hvordan studenten kan bestå, slik at det er tid til å forbedre seg før perioden er slutt.AI

Les hele forskriften i sammenheng →