Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10-9. Farlege handlingar eller åtferd

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 10. Praksis·Sist endret 10. august 2026

Farlege handlingar eller åtferd

(1) Når studenten i praksisperioden har vist handling eller åtferd som utgjer ein mogleg fare for liv, fysisk eller psykisk helse for dei studenten er i kontakt med, skal praksisperioden avsluttast straks utan krav om varsel på førehand. Studenten får i slike tilfelle vurderingsresultatet ikkje bestått. (2) Praksisstaden skal så raskt som mogleg sende innstilling til avsluttande vurdering til høgskulen. Vurderinga skal gjere greie for handlingane eller åtferda som resulterte i avslutning av praksis og ikkje bestått vurdering. (3) Høgskulen skal gjennomføre samtale med studenten, der det blir informert om grunnlaget for at praksis er avslutta og konsekvensane dette har for studenten. (4) Studenten skal få skriftleg vedtak om at praksis er avslutta. (5) Høgskulen og praksisstaden skal vurdere om det er grunnlag for å sende tvilsmelding til skikkaansvarleg når studenten går på eit utdanningsprogram med skikkavurdering.

Hvis en student under praksis gjør noe som kan sette liv eller helse i fare hos dem studenten møter, blir praksisen stanset med en gang og vurdert som ikke bestått. Studenten skal informeres og få skriftlig vedtak.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624.

Sammenheng

Endringshistorikk1

Koblinger for § 10-9 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →