Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 11-10. Ny eksamen (kontinuasjonseksamen)

Ny eksamen (kontinuasjonseksamen)

(1) Studentar som har gyldig fråvær frå ordinær eksamen eller har stroke på ordinær eksamen har rett på ny eksamen. Ein student som på grunn av utvekslingsopphald i regi av Høgskulen på Vestlandet ikkje har kunna gå opp til ordinær eksamen, kan etter søknad få rett til ny eksamen. (2) Når det blir arrangert ny eksamen for studentar etter første ledd, kan òg andre studentar med gyldige obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, melde seg opp til ny eksamen. (3) Ny eksamen skal gjennomførast med same pensum som ved siste ordinære eksamen. Så langt det er praktisk mogeleg skal eksamen gjennomførast med same vurderingsform som ved siste ordinære eksamen. (4) Når ein student har avlagt ny eksamen gjeld den beste karakteren. (5) Tidspunkt for avvikling av ny eksamen blir kunngjort på Studentweb seinast to veker før aktuell eksamen. (6) Vanlegvis blir ny eksamen arrangert ved utgangen av påfølgjande semester. Det kan ikkje bli arrangert meir enn éin ny eksamen i eitt og same emne i same semester. I særlege tilfelle kan dekan sjølv gjere unntak frå denne regelen. Ved utdanningar der bestått eksamen er ein føresetnad for oppflytting til neste semester eller studieår, kan ny eksamen bli arrangert før eller i samband med oppstart av nytt semester eller studieår. Det kan likevel ikkje bli arrangert meir enn éin ny eksamen i eit emne mellom kvar ordinære eksamen ved desse utdanningane. (7) Ny eksamen der vurderingsforma er praksis er regulert i kapittel 10. (8) Rett til ny eksamen kan bli avgrensa til studentar utan bestått eksamen dersom eksamen er særs ressurskrevjande.

Studenter som har stryket eller hatt gyldig fravær, har rett til ny eksamen. Den beste karakteren blir stående dersom man tar eksamen på nytt. Ny eksamen skal som hovedregel ha samme pensum og vurderingsform som den ordinære eksamenen.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 11-10 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →