Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 11-14. Skuleeksamen

Skuleeksamen

(1) Studenten skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven § 4-7 tredje ledd. Ved skuleeksamen som er basert på bruk av eiga berbar datamaskin, er studentane sjølve ansvarlege for eige utstyr og for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre eksamen før dei møter i eksamenslokalet, jf. § 8-6. (2) Det skal gå fram av emneplanen kva for hjelpemiddel som er tillatne ved dei ulike eksamenane. Vidare skal det òg gå klart fram av oppgåveteksten kva for hjelpemiddel som er tillatne. Dersom andre hjelpemiddel enn det som er tillate blir funne, vil det bli inndratt og eventuelt bli handtert som fusk eller forsøk på fusk. (3) Emneansvarleg, eller vikar for denne, skal vere fysisk til stades eller tilgjengeleg på annan måte. (4) Ved gjennomføring av skuleeksamen gjeld følgjande: a) I eksamenslokalet skal studenten rette seg etter tilvising frå eksamensvaktene. b) Studenten skal møte i eksamenslokalet seinast 20 minutt før eksamen startar. Studentar som kjem for seint, får berre tilgjenge til eksamen i løpet av den første timen etter at eksamen har starta. c) Ingen studentar får forlate eksamenslokalet den første timen etter at eksamen har starta. d) Studenten skal vise gyldig legitimasjon med bilete til eksamensvakt og stadfeste frammøte. Studentkort og studentbevis er ikkje rekna som gyldig legitimasjon. e) Det er berre tillate å ha lovlege hjelpemiddel, gyldig legitimasjon, skrivesaker, mat og drikke ved pulten under eksamen. Jakker, sekkar, vesker og liknande skal settast på tilvist stad. Mobiltelefon, hovudtelefonar, klokke/smartklokke og anna elektronisk utstyr som ikkje skal brukast under eksamen, skal vere avslått og pakka ned, og skal ikkje oppbevarast i lommer eller ved pulten. f) Det er ikkje tillate å skrive på utdelt papir før eksamensoppgåvene er delte ut. Det er ikkje tillate å bruke anna papir enn det som er delt ut. g) Kommunikasjon mellom studentane, eller med andre personar utanom emneansvarleg/vikar og eksamensvakter, under eksamen er ikkje tillate. h) Studenten kan skrive fram til eksamenstida er ute. Det er studenten sitt ansvar å sørgje for at innleveringa er komplett. i) Kladdeark kan ikkje leverast inn som ein del av eksamenssvaret. j) Etter at eksamenssvaret, overflødig eksamenspapir og alle kladdeark er levert, skal studenten forlate eksamenslokalet. Innlevert eksamenssvar blir ikkje under noko omstende levert tilbake til studenten.

Se ogsåUniversitets- og høyskoleforskriften § 4-7Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8-6

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 11-14 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →