Forskrift
Nynorsk
§ 11-15. Munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen
Munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen
(1) Sensorane i fellesskap er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen.
(2) Dersom studenten blir forseinka, skal forseinkinga trekkjast frå eksamenstida. Ved meir enn ti minutt forseinking til munnleg, justerande munnleg eller praktisk eksamen, skal sensor registrere ikkje møtt.
(3) Dersom studenten ikkje møter til munnleg, justerande munnleg eller praktisk eksamen skal dette registrerast i vurderingsprotokollen. Ved manglande frammøte til justerande munnleg eksamen utan dokumentert gyldig fråvær, blir dette rekna som at studenten ikkje har møtt til eksamen og har brukt eit forsøk.
(4) Justerande munnleg blir gjennomført i tråd med § 9-3. Dersom sensor under justerande munnleg eksamen mistenker at studenten ikkje har skrive oppgåva sjølv, skal saka handsamast som ei mogleg fuskesak.
(5) Ved forbetring av karakter i emne med justerande munnleg må heile eksamen tas på ny. Dersom skriftleg arbeid ligg til grunn for justerande munnleg, kan ikkje studenten levere same eller omarbeidd oppgåve.
Reglene beskriver hvordan muntlige og praktiske eksamener gjennomføres. De fastsetter konsekvenser ved forsent ankomst eller manglende oppmøte, samt regler for justerende muntlig eksamen og forbedring av karakter.AI
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 9-3
Sammenheng
Koblinger for § 11-15 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.