Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 11-17. Gruppeeksamen

Gruppeeksamen

(1) Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen. (2) Ved innlevering av gruppeeksamen må alle studentane i gruppa godkjenne at gruppeleiar leverer eksamensoppgåva på vegne av heile gruppa. Dette skjer når ein aksepterer gruppeinvitasjonen i eksamenssystemet. For bachelor- og masteroppgåver gjeld godkjenninga for heile gruppa òg dersom gruppeleiar godkjenner avtalen om publisering i høgskulen sitt vitenarkiv. (3) Heile gruppa har ansvar for å sørgje for at innleveringa er komplett. Om innleveringa ikkje er i tråd med kjeldereglar og retningslinjer for eksamen, kan alle gruppedeltakarane bli mistenkt for fusk etter kapittel 12. (4) Bestått gruppeeksamen kan ikkje forbetrast. (5) Når munnleg, justerande munnleg og praktisk eksamen blir gjennomført i gruppe, skal sensorane sørgje for at alle studentane i gruppa blir eksaminerte i eit omfang som gir tilstrekkeleg grunnlag for karaktersetjinga. (6) Dersom minst ein student har gyldig fråvær eller minst ei av gruppene ikkje består eksamen, blir ny eksamen arrangert. Dersom berre ein student med gyldig fråvær melder seg opp, kan studenten ta individuell eksamen med mindre anna går fram av emneplanen.

Ved gruppeeksamen får normalt alle i gruppen samme karakter for et felles produkt. Hvis det er tvil om en students bidrag, kan vedkommende bli regnet for ikke å ha møtt. En bestått gruppeeksamen kan ikke tas på nytt for å forbedre karakteren.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 11-17 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →