Forskrift
Nynorsk
§ 12-3. Konsekvensar av fusk
Konsekvensar av fusk
(1) Forsettleg eller grovt aktlaust fusk, forsettleg forsøk på fusk og forsettleg medverknad til fusk kan føre til annullering av eksamen og kursgodkjenning, og utestenging i inntil to semester frå universitet og høgskular. I særleg grove tilfelle kan studenten stengast ute i inntil fire semester, jf. universitets- og høyskoleloven § 12-4.
(2) Sak om annullering eller utestenging blir avgjort av høgskulen si nemnd for studentsaker.
(3) Annullering av eksamen etter universitets- og høyskoleloven § 12-4 tel som eitt forsøk til eksamen, jf. § 11-6 (1) f.
(4) Ein student som har fått bacheloroppgåva, masteroppgåva eller ei anna oppgåve annullert på grunn av fusk, kan ikkje levere ein forbetra versjon av oppgåva. I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå dette. Høgskulen kan bestemme at studenten må levere ny oppgåve med ny problemstilling.
Fusk på eksamen eller oppgaver kan føre til at resultatet blir annullert og at studenten blir utestengt fra høyere utdanning i flere semestre. Saker om dette avgjøres av en egen nemnd. Ved fusk på oppgaver er det i utgangspunktet ikke lov å levere en forbedret versjon.AI
Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 12-4Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 11-6
Sammenheng
Se også2
Koblinger for § 12-3 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.