Forskrift
Nynorsk
§ 13-3. Oppnemning av sensorar
Oppnemning av sensorar
(1) Dekan oppnemner sensorar etter forslag frå emneansvarleg, for inntil tre år om gongen. Til kvar einskild eksamen skal det opprettast sensorkommisjon til både ordinær sensur og klagesensur før ordinær eksamen tar til. Ekstern sensor som tar imot sensoroppdrag, bør vere sensor ved eventuell ny eksamen i same emne i påfølgjande semester. Dersom sensurfrist for eit avtalt sensoroppdrag fell etter sensorkontrakten sin utløp, blir sensorkontrakten forlenga til honorar for sensoroppdraget er utbetalt.
(2) Ved sensurering av eksamenar i emne som skal inngå på vitnemålet eller karakterutskrift, bør det oppnemnast to sensorar. Det skal vere ein ekstern sensor på minst 1/3 av desse emna, slik at alle emna i løpet av ein tre-årsperiode har hatt ekstern sensur.
(3) Det skal oppnemnast to sensorar i følgjande tilfelle:
a) Ved sensur av bacheloroppgåve eller liknande sjølvstendig arbeid på lågare grad. Ved sensur av bacheloroppgåve skal minst ein av sensorane vere ekstern. Sensor bør ikkje ha vore rettleiar på bacheloroppgåva.
b) Ved sensur av eksamenar som ikkje lar seg etterprøve.
c) Ved eksamenar som åleine utgjer 15 studiepoeng eller meir.
(4) Det skal oppnemnast to sensorar, der minst ein er ekstern, i følgjande tilfelle:
a) Ved sensur av studentane sitt sjølvstendige arbeid i høgare grad, som til dømes masteroppgåve. Sensor kan ikkje ha vore rettleiar på masteroppgåva.
b) Ved ny sensur etter universitets- og høyskoleloven § 11-10 (klagesensur).
(5) Ved bruk av ekstern sensor på ordinær eksamen, skal det vere ekstern sensor på påfølgjande ny eksamen.
Reglene bestemmer hvordan sensorer til eksamen skal velges og når det kreves to sensorer. Det er fastsatt krav til bruk av eksterne sensorer for enkelte oppgaver og ved klagesaker.AI
Sammenheng
Koblinger for § 13-3 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.