Forskrift
Nynorsk
§ 13-7. Gjennomføring av sensur
Gjennomføring av sensur
(1) Sensorrettleiing og emneplan skal vere gjort tilgjengeleg for sensor. Ekstern sensor/sensorane skal, etter sensurering, skrive sensorrapport.
(2) Ved usemje ved ordinær sensur og klagesensur:
a) Mellom ekstern og intern sensor avgjer ekstern sensor resultatet.
b) Mellom to interne sensorar avgjer den sensoren som ikkje har undervisningsansvaret.
c) Ved usemje på meir enn to karakterar, skal det oppnemnast ein tredje sensor. Tredje sensor kan få tilgang til informasjon om kva usemja gjeld. Det er den tredje sensoren som avgjer den endelege karakteren.
(3) Sensor som avgjer resultat ved usemje har ansvar for eventuell grunngjeving.
Reglene forklarer hvordan karakterer blir bestemt når sensorer er uenige. De beskriver hvem som har det siste ordet i ulike situasjoner, og når en tredje sensor må kobles inn.AI