Forskrift
Nynorsk
§ 14-1. Grunnlag for vitnemål
Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 14. Vitnemål og karakterutskrift
Grunnlag for vitnemål
(1) Vitnemål og Diploma Supplement for fullført grad eller utdanning ved Høgskulen på Vestlandet skal utferdast, jf. § 2-1 og universitets- og høyskoleloven § 11-12. Diploma Supplement er berre gyldig saman med vitnemålet.
(2) Det blir utferda vitnemål for fullført praktisk pedagogisk utdanning og eittårig yrkesdykkarutdanning.
(3) Vitnemålet og karaktergrunnlaget for vitnemålet skal innehalde opplysningar om:
a) personalia
b) alle emne som går inn i grunnlaget for graden eller yrkesutdanninga, inkludert eventuell praksis og emne frå annan institusjon som eventuelt er godskrive i graden
c) emnekode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt
d) sjølvstendig arbeid med eit omfang på minst 15 studiepoeng
e) karaktersystemet
f) Stadfesting av praksisopphald i utlandet, i tilfelle der dette ikkje gir studiepoeng og/eller deltaking i internasjonaliseringsaktivitetar heime.
(4) Eventuelle emne studenten har tatt ut over det som trengst for å kvalifisere til graden, blir dokumentert med karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller Studentweb.
(5) Det skal gå fram av vitnemål eller karakterutskrift, dersom ein privatist har fått prøvd kunnskapar og ferdigheiter på ein annan måte enn ein student med opptak til studiet, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-12.
Høgskulen på Vestlandet utsteder vitnemål og Diploma Supplement ved fullført utdanning. Vitnemålet inneholder personopplysninger, emner, karakterer og informasjon om utdanningens oppbygging. Ekstra emner dokumenteres via karakterutskrift.AI
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 2-1Universitets- og høyskoleloven § 11-12
Sammenheng
Se også2
Koblinger for § 14-1 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.