Forskrift
Nynorsk
§ 14-3. Karakterutskrift
Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 14. Vitnemål og karakterutskrift
Karakterutskrift
(1) Vidareutdanning, studieprogram av mindre omfang, emne, ikkje fullført grad eller yrkesutdanning blir dokumentert ved karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller Studentweb.
(2) Alle karakterutskrifter frå Høgskulen på Vestlandet skal innehalde opplysningar om:
a) personalia.
b) emne som er tekne ved Høgskulen på Vestlandet.
c) emnekode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt.
d) karaktersystemet.
(3) Elev i vidaregåande opplæring kan studere ved Høgskulen på Vestlandet. Eleven får studiepoeng når emnet er fullført og vedkomande tilfredsstiller opptakskrava til høgare utdanning, jf. universitets- og høyskoleloven § 8-1 og § 8-2. Dersom eksamensforma er vesentleg annleis enn eksamen for ordinære studentar, skal dette gå fram av karakterutskrifta, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-12.
Karakterutskrift brukes for å dokumentere mindre studieprogram, enkeltemner, yrkesutdanning eller ufullstendige grader. Utskriften skal inneholde personopplysninger, emneinformasjon, karakterer og forklaring av karaktersystemet.AI
Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 8-1Universitets- og høyskoleloven § 8-2Universitets- og høyskoleloven § 11-12
Sammenheng
Se også3
Koblinger for § 14-3 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.