Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 3-3. Endring av etablerte studieprogram og studieplanar

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 3. Etablering, endring og nedlegging av studieprogram og emne

Endring av etablerte studieprogram og studieplanar

(1) Utdanningsutvalet ved høgskulen gjer vedtak om godkjenning av vesentlege endringar i etablerte studieprogram i tråd med retningslinjer fastsett av høgskulen. (2) Programutvalet godkjenner endringar i ph.d.-program innanfor ramma av akkreditering. (3) Dekan gjer vedtak om oppretting av nye emne eller nedlegging av eksisterande emne i bachelor- og masterprogram, og godkjenner revisjon av eksisterande emne innan høgskulen sine fastsette fristar. Endringane gjeld frå påfølgjande studieår. (4) Ved endring i studieprogram for studentar i normert løp, skal det utarbeidast overgangsordningar som sikrar at det samla læringsutbyttet for studiet blir vidareført, og at studentane får fullført på normert tid. (5) Dekan kan avlyse valemne som ikkje er obligatoriske i eit studieprogram, om studenttalet er lågt eller det ligg føre andre særlege grunner. Dekan fastset frist for avlysing.

Reglene bestemmer hvem som kan endre eller legge ned studieprogrammer og emner. Ved endringer skal det finnes ordninger som sikrer at studenter i normert løp fullfører studiet i tide. Valgfrie emner kan avlyses ved lavt studenttall eller andre spesielle grunner.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 3-3 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →