Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 3-4. Nedlegging og nullopptak

Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 3. Etablering, endring og nedlegging av studieprogram og emne

Nedlegging og nullopptak

(1) Dersom høgskulen i samband med gjennomgang av studieportefølje vurderer å leggje ned eit studieprogram, avvikle studieprogrammet på ein av studiestadane, eller ha nullopptak på programmet skal dekan sikre medverknad frå studentar, fagmiljø og samfunns- og arbeidsliv. Medverknaden skal vere i tråd med vedtekne prosess-skildringar og retningslinjer. (2) Styret sjølv vedtek nedlegging og nullopptak på studieprogram over 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utferding av vitnemål, slik at studentane får fullført på normert tid. (3) Dekan sjølv vedtek nedlegging og nullopptak på studieprogram til og med 60 studiepoeng og fastset overgangstid og -ordning for undervisning, vurdering og utferding av vitnemål. (4) Det skal utarbeidast overgangsordning ved nedlegging av studieprogram. Dersom anna ikkje er bestemt i overgangsordninga eller i forskrift om rammeplan til studieprogrammet, kan høgskulen produsere vitnemål inntil fem år etter siste avslutta undervisingssemester.

Høgskolen kan legge ned studieprogrammer eller stoppe opptak av nye studenter. Når dette skjer, skal studenter og fagmiljøer få bidra i prosessen, og det skal finnes ordninger som gjør at studentene kan fullføre utdanningen sin.AI

Les hele forskriften i sammenheng →