Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-2. Semesterregistrering

Semesterregistrering

(1) Studenten må fullføre semesterregistrering kvart semester for at studieretten skal vere gyldig. Fristen for semesterregistrering er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. For vidareutdanningar, utdanningar med studieavgift og oppdragsbaserte utdanningar med oppstart etter semesterregistreringsfristen 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret, er fristen seinast 14 dagar etter oppstart. (2) Innan fristen må alle studentar semesterregistrere seg ved å: a) registrere seg på Studentweb b) godkjenne utdanningsplan for studieprogram dei er tekne opp til c) melde seg opp til undervisning og vurdering for emne dei skal ta i det aktuelle semesteret d) betale semesteravgift, jf. § 4-5. (3) Studenten pliktar å halde seg oppdatert på relevant regelverk for studium og eksamen, og om organiseringa av studiet, obligatoriske læringsaktivitetar, tidsfristar og annan relevant informasjon. Studenten pliktar òg å halde seg orientert om meldingar som blir gitt via høgskulen sin læringsplattform, og informasjon som blir sendt frå høgskulen til studenten sin e-postadresse ved lærestaden.

Studenter må registrere seg hvert semester for å beholde studieretten. Dette innebærer registrering på Studentweb, godkjenning av utdanningsplan, påmelding til emner og betaling av semesteravgift. Studenten må selv holde seg oppdatert på regler, frister og informasjon fra høyskolen.AI

Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 4-5 første leddreferert av 4

Sammenheng

Se også1
Referert av4

Koblinger for § 4-2 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.

Les hele forskriften i sammenheng →