Forskrift
Nynorsk
§ 11-20. Målform og språk i oppgåvetekstar
Målform og språk i oppgåvetekstar
(1) Oppgåvespråket ved høgskulen er norsk, med mindre anna er fastsett i emneplanen. Avgjerder om bruk av målform i eksamensoppgåver er gitt i forskrift om målform i eksamensoppgåver.
(2) Eksamensoppgåver som blir gitt på norsk, skal liggje føre på begge målformer (bokmål og nynorsk). Studentane vel målform i Studentweb. Har alle studentane valt same målform, kan oppgåvene bli gitt i berre denne målforma. Unntaket er oppgåver i faget norsk der målforma er bestemd i emneplanen.
(3) Dersom undervisninga blir gitt på eit anna språk enn norsk, skal eksamensoppgåva bli gitt på undervisningsspråket, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.
Hovedregelen er at eksamen skal være på norsk, men det kan variere basert på emneplanen eller undervisningsspråket. Oppgaver på norsk skal i utgangspunktet finnes på både bokmål og nynorsk.AI