Forskrift
Nynorsk
§ 12-1. Fusk og forsøk på fusk
Fusk og forsøk på fusk
(1) Som fusk reknar ein mellom anna:
a) å opptre i strid med gjeldande reglar for den spesifikke eksamenen.
b) å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen.
c) å legge fram andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar eller markering av sitat (plagiat).
d) å vise til fiktive kjelder.
e) å levere arbeid som er heilt eller delvis utarbeidd av andre enn studenten eller studentane sjølv.
f) å sitere eller på annan måte nytte eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing i form av studiepoeng eller rett til å gå opp til eksamen, utan tilstrekkeleg kjeldetilvising.
g) å skaffe seg tilgjenge til eksamen ved å fuske på ein obligatorisk læringsaktivitet, eller på urett grunnlag få godkjent deltaking til slik aktivitet.
h) å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til ved eksamen eller kurs.
i) ulovleg kommunikasjon mellom studentar eller grupper (ulovleg samarbeid).
j) å la ein annan gjennomføre eksamen for seg.
k) fabrikkering eller forfalsking av data.
(2) Studentar kan reknast for å ha fuska eller forsøkt å fuske frå det tidspunktet eksamenen eller vurderinga har starta. For føresegner om når eksamen har byrja, sjå § 11-13.
Reglene definerer hva som regnes som fusk og forsøk på fusk i forbindelse med eksamen og vurderinger. Dette inkluderer blant annet bruk av ulovlige hjelpemidler, plagiering, fiktive kilder og ulovlig samarbeid.AI
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 11-13
Sammenheng
Koblinger for § 12-1 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.