Forskrift
Nynorsk
§ 13-9. Karakterskala. Utrekning av endeleg karakter
Karakterskala. Utrekning av endeleg karakter
(1) Vurderingsuttrykk er bestått/ikkje bestått vurdering eller gradert karakter frå A til E for bestått vurdering og F for ikkje bestått vurdering. Universitets- og høgskolerådet sine kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna.
(2) Ved bruk av graderte karakterar blir bokstavkarakterane oppgjevne utan tillegg av pluss eller minus, både ved sensur av deleksamen og ved fastsetjing av endeleg karakter.
(3) Karakterskalaen bestått/ikkje bestått er eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med gradert skala (A–F).
(4) Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent.
(5) Alle deleksamenar som går inn i ein samla karakter, skal ha same vurderingsuttrykk. Same deleksamen kan ikkje gå inn i vurderingsgrunnlaget for fleire emne for ein og same student.
(6) For emne der endeleg karakter er slått saman av fleire deleksamenar, skal kvar enkelt deleksamen vere bestått for å oppnå bestått resultat i emnet. Dersom deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er bestått, skal det gå fram av emneplanen om alle delane må takast på nytt.
(7) Etter justerande munnleg eksamen kan karakteren på det skriftlege eller utøvande arbeidet justerast opp eller ned med maksimalt éin karakter, jf. § 9-3.
(8) Når resultatet av fleire eksamenar eller deleksamenar går inn i ein samla karakter, blir følgjande omrekningsskala nytta: A = 5, B = 4, C = 3, D = 2 og E = 1. Vanlege matematiske opphøgingsreglar blir nytta.
Reglene fastslår hvordan karakterer gis, fra A til F eller som bestått/ikke bestått. For emner med flere deler må alle delene være bestått for å få bestått i emnet. Ved sammenslåing av karakterer brukes en tallskala for utregning.AI
Se ogsåForskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 9-3
Sammenheng
Koblinger for § 13-9 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.