Forskrift
Nynorsk
§ 2-10. Fagleg godkjenning av utdanning
Fagleg godkjenning av utdanning
(1) Høgskulen på Vestlandet godkjenner beståtte emne, eksamenar eller prøvar tekne ved høgskulen eller andre universitet og høgskular som tilbyr akkrediterte studiar, i den utstrekning dei oppfyller dei faglege krava for ein bestemt eksamen, eit bestemt emne, ein bestemt utdanning eller ein bestemt grad ved Høgskulen på Vestlandet, jf. universitets- og høyskoleloven § 9-1 første ledd. Godkjent utdanning skal gå inn i grad tildelt frå Høgskulen på Vestlandet.
(2) Det blir ikkje godkjent emne til erstatning for emne ved høgskulen som studenten allereie har bestått.
(3) Studentar som har fått godkjent emne frå tidlegare utdanning, men likevel tek tilsvarande emne ved høgskulen og ønskjer dette på vitnemålet i staden, må sjølv be om oppheving av godkjenningsvedtaket innan to veker før vitnemål skal skrivast ut, jf. § 14-2. Det er ikkje mogeleg å oppheve godkjenningsvedtak om emnet er avlagt som del av graden på utvekslingsopphald.
Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 9-1Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 14-2
Sammenheng
Se også2
Koblinger for § 2-10 i forskrift-om-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-på-vestlandet.