Forskrift
§ 13-1. Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020·Kapittel 13. Sletting av gjeld for låntakarar som er uføre
Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd
Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2020 er 476 580 kroner eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.
Tabell for 2020 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld
Person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt terminbeløp
kr 0-330 520 kr 0 kr 0
kr 330 521–366 926 kr 66 798 kr 713 kr
366 927–402 194 kr 77 900 kr 856 kr
402 195–439 412 kr 89 163 kr 1 009
kr 439 413–476 580 kr 100 265 kr 1 150
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 15 561 kroner per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.
Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.
Låntakarar med uføretrygd og varig nedsett inntektsevne kan få sletta utdanningslånet heilt eller delvis. Omfanget av slettinga avheng av inntekta til låntakaren og om vedkomande har barn.AI