Hopp til innhold
Forskrift

§ 5-7. Gjeld som ikkje blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020·Kapittel 5. Misleghald av betalingsplikta

Gjeld som ikkje blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral

Gjelda blir ikkje permanent overført til Statens innkrevjingssentral dersom eit av desse vilkåra er til stades: a) Låntakaren har ei frivillig eller tvungen betalingsordning. b) Låntakaren har betalt inn eit beløp tilsvarande minst seks terminbeløp dei siste tolv månadene. c) Låntakaren sannsynleggjer at den noverande situasjonen gir rett til betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld. d) Det finst særlege grunnar til ikkje å overføre gjelda. Krav om unntak må vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

Gjeld blir ikke permanent overført til Statens innkrevjingssentral dersom visse vilkår er oppfylt, for eksempel ved betalingsordning eller betaling av et visst beløp. Krav om unntak må begrunnes og sendes innen fristen i varselet.AI

Les hele forskriften i sammenheng →