Hopp til innhold
Forskrift

§ 6-4. Sletting av gjeld som er uråd å drive inn

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020·Kapittel 6. Gjeldsordning og gjeld som er uråd å drive inn

Sletting av gjeld som er uråd å drive inn

Lån, renter og kostnader kan bli sletta når det er uråd å drive inn gjelda. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. Søknaden skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka. I vurderinga av søknaden skal det leggjast vekt på om betalingsevna er varig sterkt nedsett, og kor lenge misleghaldet har vart. Det skal også leggjast vekt på kva tiltak som har vore gjennomførte i saka, og kva tiltak som vil vere mest tenlege for innkrevjinga i framtida. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande for andre låntakarar og samfunnet elles.

Lån, renter og kostnader kan slettast dersom gjelda er uråd å drive inn. Søknaden skal sendast til Statens innkrevjingssentral med dokumentasjon på økonomi, familie og levekostnader.AI

Les hele forskriften i sammenheng →