Hopp til innhold
Forskrift

§ 8-4. Andre sosiale og økonomiske vilkår

Andre sosiale og økonomiske vilkår

Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 8-2 medan han eller ho oppfylte eit av krava i bokstavane a-g, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, må samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 8-3. a) Sjukdom eller arbeidsløyse Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande. b) Førstegongsteneste og utdanning i Forsvaret Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande. c) Fødsel eller adopsjon Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til tolv månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under ti år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til tolv månader frå adopsjonsdatoen. d) Omsorgsarbeid Låntakaren hadde over tre månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov. e) Økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven Låntakaren hadde i over tre månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman. f) Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt Låntakaren hadde i minst tolv månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2020 er 17 039 kroner, for 2019 16 447 kroner, for 2018 15 929 kroner og for 2017 15 465 kroner. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter. g) Soning Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2020 er 17 039 kroner, for 2019 16 447 kroner, for 2018 15 929 kroner og for 2017 15 465 kroner.

Se ogsåForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020 § 8-2Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020 § 8-3Sosialtjenesteloven § 18referert av 3

Sammenheng

Se også3
Referert av3

Koblinger for § 8-4 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2020.

Les hele forskriften i sammenheng →