Hopp til innhold
Forskrift

§ 9-7. Sletting av gjeld for lærarar i grunnskolen

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020·Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke

Sletting av gjeld for lærarar i grunnskolen

Kvalifiserte lærarar i grunnskolen som har vore yrkesaktive i grunnskolen i Finnmark eller dei utvalde kommunane i Nord-Troms, kan få sletta inntil 20 000 kroner ekstra av gjelda i året. Gjeld slettast utan omsyn til bustad. Med kvalifiserte lærarar i grunnskolen er meint dei som oppfyller kompetansekrava for tilsetting av undervisningspersonell i grunnskolen etter opplæringslova § 10-1 og tilhøyrande forskrift. Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader. Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. august 2017. Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei passar.

Kvalifiserte lærarar i grunnskulen i Finnmark eller utvalde kommunar i Nord-Troms kan få sletta inntil 20 000 kroner av gjelda kvart år. Dette gjeld uavhengig av kvar læraren bur.AI

Se ogsåOpplæringslova § 10-1

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 9-7 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2020.

Les hele forskriften i sammenheng →