Hopp til innhold
Forskrift

§ 12-1. Vilkår for å få sletta gjeld

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021·Kapittel 12. Sletting av gjeld for statsborgarar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, land i Aust-Europa og Sentral-Asia (kvoteordninga)

Vilkår for å få sletta gjeld

Låntakarar som har vore tekne opp ved ein høgskule eller eit universitet i Noreg etter vilkåra for kvoteordninga, kan få sletta lånet dei har fått under ordninga når dei reiser tilbake til heimlandet for å busetje seg varig der. Låntakarar som ikkje er busette i heimlandet etter avslutta utdanning, kan likevel få sletta gjeld etter første ledd dersom humanitære grunnar som krig, alvorleg uro eller forfølging hindrar busetjing i heimlandet. Låntakaren skal vere busett i eit anna land som har vore omfatta av kvoteordninga.

Låntakarar som studerte i Noreg gjennom kvoteordninga, kan få sletta gjelda si ved varig busetjing i heimlandet. Sletting kan også skje dersom krig eller forfølging hindrar busetjing i heimlandet, så lenge låntakaren bur i eit anna land i kvoteordninga.AI

Les hele forskriften i sammenheng →