Forskrift
§ 14-5. Sletting av gjeld
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021·Kapittel 14. Gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral og gjeldsordningar
Sletting av gjeld
Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader dersom låntakaren har varig sterkt nedsett betalingsevne. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande overfor andre låntakarar og samfunnet elles.
Ein søknad om sletting av gjeld skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.
Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader hvis låntakeren har varig sterkt nedsatt betalingsevne. Gjeld slettes også dersom låntakeren dør. Sletting kan nektes hvis det vil virke støtende for andre eller samfunnet.AI