Forskrift
§ 2-7. Berekning av rentetap eller rentegevinst
Berekning av rentetap eller rentegevinst
Det blir rekna rentetap eller rentegevinst ved
a) ekstra innbetalingar, sjå § 2-8
b) oppseiing av fastrenteavtalen, sjå § 2-9
c) oppheving av fastrenteavtalen, sjå § 2-10.
Rentetap eller rentegevinst blir rekna etter reglane i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. På betalingstidspunktet reknar Lånekassen ut ei rente for resten av avtaletida. Denne renta er det vekta gjennomsnittet av renta på dei to tilboda om fastrentelån i Lånekassen som rekna i bindingstid ligg nærmast lånet til låntakaren, det eine med kortare og det andre med lengre bindingstid enn den resterande avtaletida. Dersom den ekstra innbetalinga blir gjord på ei tid då det finst tilbod om fast rente, skal renta på desse tilboda brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om fast rente når den ekstra innbetalinga skjer, skal Lånekassen sine siste tilbod om fastrente brukast. Er det mindre enn tre år att av nedbetalingstida, bruker Lånekassen den flytande renta på innbetalingstidspunktet og Lånekassen sitt siste tilbod om tre års fastrente til å rekne ut ei gjennomsnittleg rente.
Dersom den vekta renta er lågare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentetapet lagt til gjelda til låntakaren.
Dersom den vekta renta er høgare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentegevinsten trekt frå gjelda til låntakaren.
Bestemmelsen forklarer hvordan Lånekassen beregner rentetap eller rentegevinst ved ekstra innbetalinger eller endring av fastrenteavtaler. Resultatet av beregningen fører til at gjelden enten øker eller reduseres.AI
Se ogsåForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021 § 2-10referert av 4 →
Sammenheng
Referert av4
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021 § 2-8Ekstra innbetaling på lån med fast rente
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021 § 2-9Oppseiing av avtale om fast rente
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021 § 2-10Oppheving av fastrenteavtale når det blir gitt lån eller stipend frå Lånekassen
- Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021 § 3-3Ekstra innbetaling
Koblinger for § 2-7 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2021.