Hopp til innhold
Forskrift

§ 9-6. Krav til oppteningsperioden

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021·Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke

Krav til oppteningsperioden

Oppteningsperioden er tolv samanhengande månader. Sletting av gjeld skjer etter at oppteningsperioden er ute. Oppteningsperioden startar den datoen låntakaren blir rekna som yrkesaktiv og som busett. For låntakarar som held fram med å arbeide etter den første oppteningsperioden og framleis blir rekna som busette, blir seinare oppteningsperiodar rekna frå dagen etter at den første oppteningsperioden er ute. Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan det gjerast unntak frå kravet om samanhengande oppteningsperiode. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det gjerast unntak berre éin gong og for opp til eitt år. Dersom oppteningsperioden går over fleire kalenderår, skal forskrifta som gjaldt ved starten av perioden brukast, med mindre reglane blir endra til fordel for låntakaren.

For å få slettet gjeld må man ha en sammenhengende opptjeningsperiode på tolv måneder som yrkesaktiv og bosatt. Det kan i visse tilfeller gis unntak fra kravet om at perioden må være sammenhengende dersom man har utdanning eller førstegangstjeneste.AI

Les hele forskriften i sammenheng →