Forskrift
§ 9-7. Sletting av gjeld for lærarar i grunnskolen
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021·Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke
Sletting av gjeld for lærarar i grunnskolen
Kvalifiserte lærarar i grunnskolen som har vore yrkesaktive i grunnskolen i Finnmark eller dei utvalde kommunane i Nord-Troms, kan få sletta inntil 20 000 kr ekstra av gjelda i året. Gjeld slettast utan omsyn til bustad.
Med kvalifiserte lærarar i grunnskolen er meint dei som oppfyller kompetansekrava for tilsetting av undervisningspersonell i grunnskolen etter opplæringslova § 10-1 og tilhøyrande forskrift.
Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader. Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. august 2017.
Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei passar.
Kvalifiserte lærarar i grunnskolen i Finnmark eller utvalde kommunar i Nord-Troms kan få sletta inntil 20 000 kr av gjelda kvart år. Dette gjeld uavhengig av kvar læraren bur.AI
Se ogsåOpplæringslova § 10-1
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 9-7 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2021.