Hopp til innhold
Forskrift

§ 11-1. Vilkår for å få sletta gjeld

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2022·Kapittel 11. Sletting av gjeld for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning

Vilkår for å få sletta gjeld

Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10 eller lektorutdanning for trinn 8–13 på normert tid. Låntakaren må òg ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i ei oppteningsperiode etter avslutta utdanning. Ordninga omfattar låntakarar som startar grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning frå og med 2017–2018. Utan omsyn til fullføring på normert tid omfattar ordninga òg låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10 eller lektorutdanning for trinn 8–13, og som i oppteningsperioden har arbeidd i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i Nordland eller Troms og Finnmark.

Lærere med utdanning for grunnskole eller videregående skole kan få slettet deler av studielånet. Dette krever at man har jobbet som lærer i en opptjeningsperiode etter utdanningen.AI

Les hele forskriften i sammenheng →