Hopp til innhold
Forskrift

§ 12-1. Vilkår for å få sletta gjeld

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2022·Kapittel 12. Sletting av gjeld for statsborgarar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, land i Aust-Europa og Sentral-Asia (kvoteordninga)

Vilkår for å få sletta gjeld

Låntakarar som har vore tekne opp ved ein høgskule eller eit universitet i Noreg etter vilkåra for kvoteordninga, kan få sletta lånet dei har fått under ordninga når dei reiser tilbake til heimlandet for å busetje seg varig der. Låntakarar som ikkje er busette i heimlandet etter avslutta utdanning, kan likevel få sletta gjeld etter første ledd dersom humanitære grunnar som krig, alvorleg uro eller forfølging hindrar busetjing i heimlandet. Låntakaren skal vere busett i eit anna land som har vore omfatta av kvoteordninga.

Personer som har studert i Norge gjennom kvoteordningen kan få slettet studielånet sitt dersom de flytter permanent tilbake til hjemlandet. Dette kan også gjelde dersom krig eller forfølgelse hindrer flytting til hjemlandet, så lenge man bor i et annet land som er med i kvoteordningen.AI

Les hele forskriften i sammenheng →