Forskrift
§ 13-1. Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2022·Kapittel 13. Sletting av gjeld for låntakarar som er uføre
Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd
Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2022 er 501 677 kr eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.
Person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt terminbeløp
0–347 925 kr 0 kr 0 kr
347 926–386 248 kr 70 316 kr 751 kr
386 249–423 373 kr 82 002 kr 901 kr
423 374–462 551 kr 93 859 kr 1 062 kr
462 552–501 677 kr 105 545 kr 1 210 kr
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 16 380 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.
Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.
Personer med uføretrygd eller tilsvarende utenlandsk ytelse og varig nedsett inntektsevne kan få slettet utdanningslånet helt eller delvis. Hvor mye som slettes avhenger av person- og kapitalinntekt, med særskilte regler for forsørgere av barn.AI