Hopp til innhold
Forskrift

§ 14-5. Sletting av gjeld

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2022·Kapittel 14. Gjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral og gjeldsordningar

Sletting av gjeld

Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader dersom låntakaren har varig sterkt nedsett betalingsevne. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande overfor andre låntakarar og samfunnet elles. Ein søknad om sletting av gjeld skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka. Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.

Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader dersom låntakaren har varig sterkt nedsett betalingsevne. Gjeld blir sletta dersom låntakaren døyr. Sletting kan nektast dersom det vil verke støytande overfor andre og samfunnet.AI

Les hele forskriften i sammenheng →