Forskrift
§ 9-1. Vilkår for å få sletta gjeld
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2022·Kapittel 9. Sletting av gjeld for låntakarar i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke
Vilkår for å få sletta gjeld
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har vore busette og yrkesaktive i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms i ein oppteningsperiode på tolv månader. I særlege tilfelle kan ordninga òg omfatte låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad.
Utan omsyn til bustad omfattar ordninga òg låntakarar som i tolv månader i strekk har vore yrkesaktive legar i desse kommunane:
• Troms og Finnmark: Gratangen og Ibestad
• Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy
• Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne
• Møre og Romsdal: Aure.
Ordninga gjeld òg låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.
Personer som bor og jobber i Finnmark eller utvalgte kommuner i Nord-Troms kan få slettet deler av studielånet. Leger som jobber i spesifiserte kommuner i Nord-Norge og Trøndelag kan også få sletting uten krav til bosted.AI
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 9-1 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån-2022.