Forskrift
Nynorsk
§ 38. Andre sosiale og økonomiske vilkår
Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån·Kapittel 8. Sletting av renter·Sist endret 1. januar 2026
Andre sosiale og økonomiske vilkår
Ein låntakar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 36 medan låntakaren oppfylte eit av krava i bokstavane a–g, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, skal samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 37.
a) Sjukdom eller arbeidsløyse Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst 3 månader samanhengande.
b) Førstegongsteneste og utdanning i Forsvaret Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst 3 månader samanhengande.
c) Fødsel eller adopsjon Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til 12 månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under 10 år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til 12 månader frå adopsjonsdatoen.
d) Omsorgsarbeid Låntakaren hadde over 3 månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.
e) Økonomisk stønad etter sosialtenestelova Låntakaren hadde i over 3 månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtenestelova § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman.
f) Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt Låntakaren hadde i minst 12 månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2026 er 21 306 kr, for 2025 20 487 kr, for 2024 19 605 kr og for 2023 18 689 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter.
g) Soning Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst 12 månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2026 er 21 306 kr, for 2025 20 487 kr, for 2024 19 605 kr og for 2023 18 689 kr.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Se ogsåForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 36Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 37Sosialtjenesteloven § 18referert av 3 →
Sammenheng
Se også3
Referert av3
Koblinger for § 38 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån.