Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 60. Vilkår for å få sletta gjeld

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån·Kapittel 11. Sletting av gjeld for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning·Sist endret 1. januar 2024

Vilkår for å få sletta gjeld

Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 eller lektorutdanning for trinn 8–13 på normert tid. Låntakaren skal òg ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i ei oppteningsperiode etter avslutta utdanning. Ordninga omfattar låntakarar som startar grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning frå og med 2017–2018. Utan omsyn til fullføring på normert tid omfattar ordninga òg låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 eller lektorutdanning for trinn 8–13, og som i oppteningsperioden har arbeidd i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i Nordland, Troms eller Finnmark.

Lærere med bestemte utdanninger kan få slettet deler av studielånet hvis de har jobbet i grunnskolen eller videregående skole. Normalt må utdanningen være fullført på normert tid, men dette kravet gjelder ikke for de som jobber i Nordland, Troms eller Finnmark.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024).

Sammenheng

Endringshistorikk1

Koblinger for § 60 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån.

Les hele forskriften i sammenheng →