Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7. Utrekning av rente

Utrekning av rente

Utgangspunktet for rentesatsane i Lånekassen er ei basisrente som er fastsett av Finanstilsynet i samsvar med forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Basisrenta blir fastsett med utgangspunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen gjennom ein observasjonsperiode. Basisrenta er lik gjennomsnittet av dei 5 lågaste prisane på bustadlån på kvart observasjonstidspunkt i observasjonsperioden. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet. Flytande basisrente blir fastsett på grunnlag av 2 månaders observasjon av tilbod om bustadlån med flytande rente. Ny flytande rente tek til å gjelde 2 månader etter avslutta observasjonsperiode. Fast basisrente blir fastsett på grunnlag av 1 månads observasjon av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida som i avtalen om fast rente på utdanningslånet. Ny fast rente tek til å gjelde 1 månad etter avslutta observasjonsperiode. Lånekassen fastset dei nominelle rentene på lånet til låntakaren. Desse blir rekna ut frå basisrenta minus 0,15 prosentpoeng. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik: $$r_n = \begin{bmatrix}(1 + r_e)\frac{1}{n} - 1 \end{bmatrix}n$$ rn årleg nominell rente i prosent re basisrenta minus 0,15 prosentpoeng (årleg effektiv rente i prosent før gebyr) n tolv, som er talet på betalingsterminar per år Når effektiv rente skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr ved varsling og for sein betaling, og gebyr og kostnader ved innkrevjing, sjå kapittel 4. Dei nominelle og effektive rentene blir oppgitte med 3 desimalar. Rentebelastning skjer på etterskott med ei nominell perioderente som svarer til den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar. Etter kvart forfall blir det rekna renter av renter som ikkje er betalte. Det blir også rekna renter av renter som er lagde til gjelda i perioden frå lånet blir gjort renteberande og fram til første terminforfall, og i periodar med betalingsutsetjing. For låntakarar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990. Det blir ikkje rekna renter av renter som er lagde til på grunn av forseinka betaling, sjå § 6.

Se ogsåFSFIN Forskrift til skatteloven § 5-12-5 første leddForskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 6

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 7 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån.

Les hele forskriften i sammenheng →