Hopp til innhold
Forskrift

§ 11. Grunnkurs

Forskrift om tryggleiken ved sportsdykking·Kapittel 3. Krav til opplæring

Grunnkurs

På grunnkurs skal det gjennomførast minst seks sjødykk. Dykka skal fordelast over minst tre dagar. For kandidatar som ikkje meistrar alminnelege stressituasjoner etter seks dykk, skal ytterlegare dykk gjennomførast. Kandidaten skal nå eit nivå som gir akseptabel tryggleik utfrå dei tilhøva det blir dykka under, og dei tilhøva det kan ventast at kandidaten vil dykke under etter avslutta kurs. Det skal brukast tilstrekkeleg tid til førebuing, gjennomføring og oppsummering av dykka. Det skal trenast i av- og påkledingsprosedyrar. Minst eitt av dykka skal planleggjast til 20 meter. Den totale tida i vatnet, for alle dykka til saman, skal minst vere 90 minutt. Kandidatar som ikkje meistrar alminnelege øvingar og stressituasjonar etter 90 minutt, skal få lengre tid, slik at dei oppnår meistring. Berre luft skal brukast som pustegass. Nitrox eller andre gassblandingar skal ikkje nyttast. Kandidaten skal ha kunnskap om og demonstrere forståing for: -) kva funksjon utstyret har, og korleis det skal haldast ved like -) grunnleggjande dykkefysikk: lyd, lys, oppdrift, trykk/gasslover og temperatur -) grunnleggjande dykkemedisin -) ulike faremoment, særleg ved vrakdykking og ved å dykke for djupt -) ver, vind og straumtilhøve. Kandidaten skal ha kunnskap om og i påsyn av kvalifisert personell utvise nødvendig dugleik i praktisk sjødykking, medrekna: -) meistring av stressituasjonar, så som ulike løysingar av ein tom-for-luft situasjon, tap av maske i kaldt vatn, og gjenfinning og tømming av pusteventil -) oppdriftskontroll på ulike djup -) orientering ved bruk av kompass. Når tilhøva krev det, skal ein gi ein introduksjon til mørkedykking. Denne treninga skal det leggjast vekt på når det kan ventast at kandidaten vil praktisere slik dykking. Kandidatane skal vere sikra under alle sjødykka. Under dei to første sjødykka skal sikringa skje ved at minst ein kvalifisert person følgjer (sym saman med) kandidaten. Under dei neste to sjødykka skal sikringa gjerast ved å følgje eller observere kandidatane. Ein kvalifisert person kan maksimalt følgje/observere to kandidatar under eit dykk. Under dei resterande sjødykka står undervisningsstaden fritt til å velje sikringsmåte. Under dykk som skjer utan direkte tilsyn av kvalifisert personell, må kandidaten/kandidatane sjølve kunne ta botntida eller på annan måte kallast opp til overflata. Under alle dykk som skjer i par, skal para sikrast samhald under dykket. Spesielt om førstehjelpsopplæring: Kandidaten skal vere i stand til å utøve førstehjelp på meddykkar i eventuelle ulykkessituasjonar. Det skal trenast på nødprosedyrar. Spesielt om dykketabellar: Det skal brukast hevdvunne tabellar som viser dekompresjonstider. Kandidaten skal kunne demonstrere korrekt bruk av dykketabellar, også for gjentekne dykk. Dessutan skal kandidaten kjenne til andre forhold enn tid/dybdeverdiar som kan ha noko å seie for trykkfallsjuke, så som oppstigingsfart, fysisk arbeid, temperatur, fysisk form, alder, fedme, alkohol og væskebalanse. Kandidaten skal kjenne til verknadene av dykking fleire dagar på rad, hyppige opp- og nedstigingar, flyging etter dykking og verknadene av dykking ved redusert lufttrykk. Spesielt om linedykking: Dersom det blir nytta line frå land eller fartøy for å sikre kandidaten/kandidatane, skal det spesielt øvast i å kunne kutte lina i ein situasjon der kandidaten/kandidatane sit fast på botnen og linen er spent. Minst tre av dykka på grunnkurset skal gå føre seg utan line frå land eller fartøy.

Les hele forskriften i sammenheng →