Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Definisjonar

Forskrift om tryggleiken ved sportsdykking·Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar

Definisjonar

Med sportsdykking er meint fritidsaktivitet under vatn med sjølvforsynande pusteutstyr. Med kandidat er meint person som er under opplæring i sportsdykking. Med opplæringsperiode er meint det tidsrommet ein er kandidat. Med kurs er meint eit systematisk og planlagt opplegg for utdanninga som kandidaten skal gjennomgå. Med grunnkurs er meint eit systematisk og planlagt opplegg for den utdanninga som er nødvendig for at kandidaten skal kunne ta til med sportsdykking. Med sportsdykkar er meint person som minst har fullført grunnkurs i sportsdykking. Med sportsdykkarutstyr er meint utstyr som blir bore, halde eller brukt ved sportsdykking. Med flytekontroll er meint kontroll over den situasjonen som har oppstått når dykkaren oppheld seg i overflata og ønskjer positiv oppdrift. Med oppdriftskontroll er meint kontroll over den situasjonen som eksisterer når dykkaren er under vatn og ønskjer å vere i likevekt på ulike djup. Med reservegassystem er meint ei reserveluftmengd som blir aktivert ved ei særskild handling. Med varslingssystem er meint 1) ei aktiv, positiv varsling når luftforrådet når ei viss grense, eller 2) ein indikator (til vanleg manometer) som viser kor mykje luft som er att når ein når låge nivå. Med botntid er meint tida frå ein forlet overflata til oppstiginga tek til. Med produsent er meint den som fysisk framstiller dykkarutstyr. Med importør er meint den som overfor tollverket er legitimert til å råde over sportsdykkarutstyret. Med distributør er meint den som syter for fordeling mellom produsent, importør og detaljist. Med detaljist er meint den som sel eller formidlar sportsdykkarutstyr til forbrukar. Med hevdvunnen norm er meint rettleiing, standard m.v. som innanfor eit fagområde har vunne internasjonal og/eller nasjonal hevd.

Denne bestemmelsen definerer sentrale begreper som brukes i regelverket for sportsdykking. Den forklarer hva som menes med alt fra utstyr og kurs til ulike roller i salgskjeden og tekniske uttrykk under vann.AI

Les hele forskriften i sammenheng →