Definisjonar
På området kor denne forskrifta gjeld, tyder:
a) teknisk spesifikasjon, alle tekniske krav, særleg dei som finst i anbodsgrunnlaget, som definerer dei påkravde eigenskapar ved eit arbeid, eit materiale, eit produkt eller ein levaranse, og som gjer det mogleg å gi ei objektiv framstilling av eit arbeid, eit materiale, eit produkt eller ei leveranse slik at dei svarer til den bruk som oppdragsgivaren har bestemt dei til. Desse tekniske reglane kan omfatte kvalitet, yteevne, tryggleik eller dimensjonar samt krav til materialet, produktet eller leveransen med omsyn til kvalitetssikring, terminologi, symbol, prøving og metodar for prøving, emballering, merking eller etikettering.
b) standard, kvar teknisk spesifikasjon godkjent av eit godteke standardiseringsorgan for gjentatt eller stadig bruk, men slik at det i prinsippet ikkje er obligatorisk å følgje den.
c) Eurocontrolstandard, dei obligatoriske element i Eurocontrol-spesifikasjonane med omsyn til fysiske kjenneteikn, form, materiale, yteevne, personell eller framgangsmåtar, der ein einsarta bruk er godteke som avgjerdande for gjennomføringa av eit integrert system for lufttrafikktenester (ATS) (dei obligatoriske elementa skal være oppførte i eit Eurocontrol standarddokument). Ei forklarande liste over kva områder slike Eurocontrolstandardar blir gjort gjeldande finst i Vedlegg I til denne forskrifta.
Denne bestemmelsen forklarer hva som menes med tekniske spesifikasjoner, standarder og Eurocontrolstandarder i forbindelse med utstyr til lufttrafikkstyring. Den skiller mellom krav som er fastsatt for spesifikke leveranser, frivillige standarder og obligatoriske felleskrav for lufttrafikktenester.AI