Forskrift om utviding av det stadlege verkeområde til lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar
Forskrift om utviding av det stadlege verkeområde til havressurslova
I kraft 2016-01-08Kunngjort 2016-01-08
Hjemmel§ 4Havressurslova
I
Det stadlege verkeområde til lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) vert utvida til også å gjelde på norsk landterritorium på Svalbard. På norsk landterritorium på Svalbard gjeld forskrifter etter havressurslova likevel berre når det er fastsett i forskriftene.
II
Endringane trer i kraft straks.