Hopp til innhold
Forskrift

§ 11. Ansvar og plikter for medlemene

Ansvar og plikter for medlemene

Medlemene sitt ansvar er avgrensa til å svara ein forskotspremie (inkl. ekstrapremie) og til ein eventuell etterskotspremie, som ikkje må vere større enn det dobbelte av forskotspremien (inkl. ekstrapremie). Vedtak om etterskotspremie vert gjort av medlemsmøtet. Eig sjøtrygdelaget for lite til å bera alle krav og utgifter i rekneskapsbolken, trass i at det er likna ut etterskotspremie, skal den summen som vantar, fordelast høveleg på alle skadar som medlemene har lide og meldt frå om i rekneskapsbolken. Utover denne tilskotsplikta har medlemene ikkje noko økonomisk ansvar overfor sjøtrygdelaget, dei andre medlemene eller tredjemann. Medlem som går ut av sjøtrygdelaget, har ikkje rett til nokon del av eigenkapitalen eller overskotet i sjøtrygdelaget.

Medlemmer i et sjøtrygdelag er økonomisk ansvarlige for å betale forskudds- og etterskuddspremier. Hvis laget har for lite midler til å dekke alle krav, fordeles det manglende beløpet mellom medlemmenes skader. De som melder seg ut, har ikke rett på deler av lagets egenkapital eller overskudd.AI

Les hele forskriften i sammenheng →