Hopp til innhold
Forskrift

§ 4. Medlemsmøte

Medlemsmøte

4.1. Medlemsmøtet er den øvste styresmakta i sjøtrygdelaget. 4.2. Ordinært medlemsmøte skal haldast innan utgangen av juni. Det skal kallast inn av formannen i styret seinast 3 veker i førevegen ved brev frå styret til kvart medlem eller kunngjering i minst ei lokalavis. Styret fastset tid og stad for møtet. Berre dei sakene som er nemnde i innkallinga skal handsamast på medlemsmøtet. Avskrift av sakspapira skal leggast ut til gjennomsyn på kontoret til sjøtrygdelaget 3 veker før medlemsmøtet, og skal verta sendt til dei medlemene som skriftleg ber om det. Saker som nokon ønskjer å få tekne opp på medlemsmøtet, må vera styret i hende innan utgangen av april månad. 4.3. Ekstraordinært medlemsmøte skal haldast så ofte styret ønskjer, eller når skriftleg krav om det vert sett fram av revisor eller minst 10 medlemer. Møtet skal kallast inn på same måte og med same varsel som fastsett for ordinært medlemsmøte, jfr. § 4.2. 4.4. På medlemsmøtet har kvart medlem ei røyst for kvar einskild risiko han har meldt inn. Han kan dessutan etter skriftleg fullmakt røysta med like mange røyster som talet på dei risikoar han har trygda, men ingen kan ha meir enn 3 røyster. Medlemsmøtet er vedtaksført når minst 10 medlemer møter. (Sjøtrygdelag med få medlemer, kan velja eit mindre tal.) Møter ikkje mange nok medlemer skal det kallast inn ekstraordinært medlemsmøte, og dette er vedtaksført utan omsyn til kor mange medlemer som møter. Møtet skal kallast inn på same måte og med same varsel som fastsett for ordinært medlemsmøte, jfr. § 4.2. 4.5. Formannen i styret leier drøftingane på medlemsmøte. Er ikkje han til stades er det nestformannen eller ein særskilt ordførar vald av medlemsmøtet som leier drøftingane. Alle vedtak vert gjorde med vanleg røystefleirtal, når ikkje anna er fastsett i vedtektene. Når røystene står likt, gjer røysta til formannen utslaget, med unnatak av val, der lutdraging skal nyttast. Det skal førast møtebok over drøftingane. Når møtet sluttar, skal møteboka lesast opp til godkjenning, og underskrivast av møtestyraren og eit anna medlem som møtet vel til det. 4.6. Det ordinære medlemsmøte skal: 4.6.1. Handsame årsmelding og revidert rekneskap. 4.6.2. Taka avgjerd om korleis overskotet skal nyttast eller underskotet dekkjast. 4.6.3. Velje styremedlemer og varamenn. 4.6.4. Velje statsautorisert eller registrert revisor(ar) og fastsetje godtgjersle for revisjonen. 4.6.5. Taka avgjerd om tillitsmennene i sjøtrygdelaget skal ha godtgjersle og i tilfelle kor stor godtgjersle dei skal ha. 4.6.6. Handsame dei sakene som blir lagde fram av styret.

Les hele forskriften i sammenheng →