Forskrift
Nynorsk
§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga
Vilkår for bruk av produktnemninga
Produktbeskriving
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke er kjøt av lam som i minimum 8 veker har beita på fjellbeite på over 500 m.o.h. i fjellområda i Ryfylke.
Nemninga omfattar ferske og fryste skrottar, naturlege stykningsdelar og kjøtsorteringar. Lamma skal ha ei slaktevekt på minimum 16 kg og vera klassifiserte i slakteklasse O+ eller betre og ha maksimum 3+ i feittmengd.
Geografisk område
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke skal gå på fjellbeite i Ryfylkeheiane. Dette geografiske området omfattar heiaområda i kommunane Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Stavanger og Strand i Rogaland, og også mindre fjellområde i kommunane Ullensvang i Vestland, Bykle og Sirdal i Agder og Gjesdal i Rogaland. Sjå vedlagte kart.
Produksjonsmetode
Lamma skal gå på fjellbeite i minimum 8 veker.
Slaktemodne lam bør leverast til slakting så snart som mogleg etter sanking, og seinast 1. november. Eventuell sluttfôring bør bestå av godt håbeite. Tilleggsfôring med kraftfôr skal ikkje skje i lengre periode enn maksimum 3 veker.
Alle forhold rundt beiting og fôring skal dokumenterast.
Merking av produktet
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning.
Reglene bestemmer hvem som kan kalle kjøtt for Fjellam frå Ryfylke. Det kreves at lamma har beita på fjellbeite i Ryfylke i minst 8 veker, og at visse krav til vekt, kvalitet og feittmengd er oppfylte.AI