Hopp til innhold
Forskrift
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om vern av Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger som geografisk nemning

Forskrift om vern av Hardangerpærer

forskrift/2006-08-25-997·4 paragrafer·Sist endret 25. juli 2023·Utforsk grafen
I kraft 2006-08-25Kunngjort 2006-08-29Sist endret ved forskrift/2023-07-25-1282

Beskytta produktnemning

Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger.

Denne forskriften fastslår at betegnelsene Hardangerpærer, Pærer frå Hardanger og Pærer fra Hardanger er beskyttede produktnemninger.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1282.

Rettmessig brukar

Hardanger Fruktprodukt.

Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktbeskriving Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger er pærer (Pyrus) dyrka i Hardanger. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, og refraktometerverdi i tabell 1. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal vera feilfrie og ha stilk. Pæresort Diameter (mm) Refraktometerverdi (%) Celina 50–90 10,5–12 Clara Frijs 50–90 10,5–12 Ingeborg 50–95 10,5–12 Andre sorter 50–95 10,5–12 2. Geografisk område Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden. 3. Produksjonsmetode Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Pæretrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea. Pæretrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem. Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Pærene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur og optimal luftråme. 4. Merking av produktet Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1282.

Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk straks.

Forskriften trer i kraft med en gang.AI

Vedlegg

Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området

Dyrking av pærer i Hardanger har tradisjonar heilt tilbake til siste halvdel av 1700-talet. «Skolelærde menn» innførte pæretre frå andre land og spreidde dei vidare til interesserte bønder. Bøndene lærte seg å pode, og nye sortar kom til, bl.a. vart keisarinnepære foredla fram i 1790-åra. Denne sorten var dominerande i Hardanger i over hundre år. Dei pærene som blir dyrka i dag, tilhøyrer alle tradisjonelle sortar, og mange har vore dyrka i Hardanger i over 100 år. Klimaet og jordsmonnet i Hardanger sikrar god kvalitet på pærene. Pærer dyrka i Hardanger er kjenneteikna av god kvalitet, fin smak og tiltalande farge. Dette kan knytast til klimaet og jordsmonnet i området, som gir høgt innhald av og god balanse mellom viktige smakskarakteristiske fruktsyrer og -sukker. For å sikre store avlingar har pærer tradisjonelt vore dyrka på svært store tre i tung og fuktig jord. Nyare undersøkingar utført i Hardanger har vist at pærer godt kan dyrkast på mindre og meir effektive tre på lett grusjord, slik som ein gjer med eple. Skredjorda er mineralrik og gir sunne og produktive tre. Jorda har god evne til både å halde på vatn og å magasinere varme, noko som gir gode vekstvilkår for trea og god fruktvekst.

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva heter de beskyttede produktnemningene for pærer fra Hardanger?

Denne forskriften fastslår at betegnelsene Hardangerpærer, Pærer frå Hardanger og Pærer fra Hardanger er beskyttede produktnemninger.

Åpne § 1
Når begynner reglene å gjelde?

Forskriften trer i kraft med en gang.

Åpne § 4

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2023